<?xml version="1.0" encoding="UTF-8"?><song><presentation>v1 v2 v3 v4 v5 v6 v7 v8 </presentation>
<lyrics>[V1]
 Leid, milde ljos

[V2]
 Leid, milde ljos, igjennom skodde-eim,
 leid du meg fram!
 Eg gjeng i myrke natt langt frå min heim,
 leid du meg fram!
 Før du min fot; eg treng ei sjå min veg
 so langt og vidt eitt steg er nok åt meg.

[V3]
 Du veit det vel, eg bad ei alltid so:
 leid du meg fram!
 Eg vilde velja sjølv min veg, men no
 leid du meg fram!
 Eg vilde leva vilt, var stolt og strid
 og stor i mod -, gløym den dårskaps tid!

[V4]
 Di makt hev signa meg, då veit eg visst
 du leider enn
 i myr og fjell og heid, og so til sist
 ein morgon renn,
 då til meg smiler engleåsyn blid,
 som eg hev elska før, men mist ei tid</lyrics>
<title>Leid, milde ljos</title>
</song>